Du gjeng der still og steller, du,
på gamle garden, trygg og tru,
i annsam onn for flokken din.
Av kjærleik til oss aogo skin.
Du luter av dei tronge kår,
og sylvglans skin det i ditt
hår;
men løn i truge slit du fann:
Å liva som ein sjølvhjelpt mann.
Du tenkte meir enn mang ein mann,
men tanken ofte inne brann.
Ditt ljos vart under sjeppa sett,
kom aldri
til sin rang og rett.
Mot fals og fusk du slo i bord.
Då steig du far og vaks deg stor,
og viljefast og stød som fjell.
Men attåt logn som tyrield.
Og det du var og vert for
meg
er beste arven etter deg.
Ein edel arv av kjærleik full,
ein minneskatt av hjartegull.
Skrevet av far Ola Sundby i den håndskrevne skoleavisa Grenlandsvarden 18/2-1933.